Gråver
av Jacob Sande
Gråskodda tung seg sveiper,
sleip og kald og rå.
Det driver so smått og muskar,
frå skoddeimen grå.
Høna sit og sturer,
syrgjeleg vesal og våt,
og hanen er låk i halsen sin,
og fær ikkje til ein lått.
Snigelen kryp over vegen,
rundt og blank og fin.
og regnmakken ligg i ein søylepytt,
so hål og feit at han skin.
Katten lyfter på labben,
når fram han på tunnet går
Han liker seg ille i skoddeby,
gamle gråkatten vår.
Og geita ber seg so ille,
der utenfor stovevegg.
Det silar og renn frå ragget.
det dryp frå det lange skjegg.
Den store gamle bjørka,
står der so still og sur.
I toppen kurer eit kråkepar,
som uppe på grina bur.
Dei so stilt og drøymer
um sol og himmel klår,
og skjeglar so smått til katten,
som fram over tunnet går.
Gråvær og lett regn i dag, inspirerte meg til å dele dette fine diktet av Jakob Sande. Vi har vært ute og gått tur og fant noen fine fotomotiv i dag også. Dog ingen høner, haner, geiter eller småkryp å se. Fuglesangen var i høyeste grad tilstede, også på en grå og regntung dag.
Man finner mange fine fotomotiv når man er på tur
Både i by og på land, synes jeg i allel fall 